Då er den store loppemarknaden vel overstått! Det vart ein suksess, slik vi ser det, med nesten 10 000 i inntekter. Vi fekk inn masse fine lopper, samt kaker og diverse.
Vi opna dørene klokka 12, då var det alt laaang kø utanfor! At loppemarknad er populært for tida, var det ingen tvil om... Vi hadde vore flinke å annonsere, det kom folk frå både byn og enda lenger vekke! Salget gjekk jamnt heile dagen. Vi vart og velsigna med fint ver, slik at folk kunne sitje utanfor og nyte kaffi og nysteikte vafler. Vi hadde to kjempeflinke små kioskdamer, Emma og Amalie, som sto på heile dagen, til vi stengte i firetida. Då var lokalet og tømt for det meste av lopper, berre nokre småting står att.
Dette gav meirsmak, og vi satser på å få til dette også til neste år! Vi lærte ein del om organisering av eit slikt arrangement, og vil nok kunne få til eit enda større loppemarknad neste gong.
Pengane vi fekk inn var sårt tiltrengt, då det ikkje har vore mykje utleige på huset, og ikkje særskilt mykje inn i velforeningskontingent. Dei faste utgiftene løper jamnt, strøm, kommunale avgifter og forsikring. Vi er åpne for forslag til korleis vi kan få inn meir penger, dersom det er interesse for at Velhuset fortsatt skal stå. Dette vil vi ta opp på neste allmøte, som forhåpentligvis bliri næraste framtid!
Tusen hjarteleg takk til alle som bidro til loppemarknaden! :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar