torsdag 26. januar 2012


KARNEVAL I VELHUSET!!



Vi inviterer alle barn i Austegardsvegen mellom 1 og 10 år til karneval i Velhuset! Datoen er 25. februar, frå 12 til 14. Ta gjerne med besteforeldre, barnebarn, nieser og nevøer!! Det blir servering av karnevalsmat, leik og dans, så finn fram kostymet, parykken eller bestemors gamle badedrakt og kom!



Påmelding til austegardsvegenvel@hotmail.no, eller på tlf til Nina: 45403183, eller Marianne: 47751192 innen 20. februar. Husk å skrive antall voksne og barn!

 Det koster kr 30 pr person, betales i døra! :-)


Hilsen Marianne, Jeanette og Nina!:-)

tirsdag 25. oktober 2011

Loppemarknaden vart ein suksess!

Då er den store loppemarknaden vel overstått! Det vart ein suksess, slik vi ser det, med nesten 10 000 i inntekter. Vi fekk inn masse fine lopper, samt kaker og diverse.
Vi opna dørene klokka 12, då var det alt laaang kø utanfor! At loppemarknad er populært for tida, var det ingen tvil om... Vi hadde vore flinke å annonsere, det kom folk frå både byn og enda lenger vekke! Salget gjekk jamnt heile dagen. Vi vart og velsigna med fint ver, slik at folk kunne sitje utanfor og nyte kaffi og nysteikte vafler. Vi hadde to kjempeflinke små kioskdamer, Emma og Amalie, som sto på heile dagen, til vi stengte i firetida. Då var lokalet og tømt for det meste av lopper, berre nokre småting står att.
Dette gav meirsmak, og vi satser på å få til dette også til neste år! Vi lærte ein del om organisering av eit slikt arrangement, og vil nok kunne få til eit enda større loppemarknad neste gong.
Pengane vi fekk inn var sårt tiltrengt, då det ikkje har vore mykje utleige på huset, og ikkje særskilt mykje inn i velforeningskontingent. Dei faste utgiftene løper jamnt, strøm, kommunale avgifter og forsikring. Vi er åpne for forslag til korleis vi kan få inn meir penger, dersom det er interesse for at Velhuset fortsatt skal stå. Dette vil vi ta opp på neste allmøte, som forhåpentligvis bliri næraste framtid!
Tusen hjarteleg takk til alle som bidro til loppemarknaden! :-)

mandag 3. oktober 2011

LOPPEMARKNAD!!

Det vert loppemarknad i Velhuset i Austegardsvegen søndag den 16. oktober! Vi treng lopper, så no passar det fint med ei opprydding før jul... Loppene kan leverast i velhuset fredag den 14., mellom 1800 og 2000, eller laurdag den 15. oktober, mellom 1200 og 1400.Vil du at vi henter, ring Per-Ole på 41409135.  Ring evt Roald, tlf 90673144.Du kan til og med skrive mail! austegardsvegenvel@hotmail.no
 Og spre gjerne vidare at det er loppemarknad, jo fleire jo bedre...
Loppemarknaden starter 1200 søndagen, og varer til ca 1700. Vi sel kaffi og kaker, vi treng og nokon som kan bidra med kaker og slikt!

tirsdag 20. september 2011

Til informasjon!

Då har vi hatt styremøte i Velforeninga! Det vil komme info om alt som berører medlemmane seinare, eg vil berre informere om at vi har planlagt loppemarknad til inntekt for drift av Velhuset.. Vi må gjere noko for å få meir inntekter, dette er eit av fleire tiltak som er under planleggjing! Det vert avheldt i medio oktober, kjem attende til eksakt dato. Men spre det gjerne videre, og begynn å rydde loft og kjeller! Det du ikkje treng, kan vi kanskje bruke...?;-) Vi vil kun ha ting vi kan selge, ikkje søppel! Store møbler og kvitevarer er heller ikkje så gunstig.

søndag 19. desember 2010

Nissefesten!

Då er årets (ja,for dette skal vi gjere kvart år!) nissefest vel overstått! Ein heil gjeng smånissar, og nesten like mange store, var samla i Velhuset for å feire at det snart er jul... Med julegraut, julesang, juletre, og ein ekte Austegardsnisse, vart dette starten på det vi gjerne vil gjere til ein tradisjon.Kjekt å møte gode naboar ein førjulsettermiddag! :-)
Kanskje nokon har bilete dei vil leggje ut...?

torsdag 2. desember 2010

Julenisse!

Vi treng julenisse til nissefesten! Er det nokon som kunne tenkt seg denne jobben??
Hugs og å melde deg på festen! Dette blir kjekt for store og små...:-)

tirsdag 23. november 2010

Velhuset

Etter ein fantastisk dugnadsinnsats har no Velhuset fått seg eit løft! Vegger og lister er malt, dette vart veldig fint! Enda står det litt arbeid att, som vi tar ved neste anledning...:-) Vi vil leggje ut bilder etter kvart, men ta gjerne turen innom den 19. desember, for å sjå kor fint det har blitt! Vi satser på å få leid det ut litt meir framover, dette er jo eit perfekt lokale til dømes for barneselskap, klubbkvelder, feiringer av ymse slag, samle familien kanskje?? Det er berre å sende førespurnad på mailen vår! (austegardsvegenvel@hotmail.no )